Jordmortenesta er ein del av helsestasjonstenesta i heradet og er eit samarbeid med fødeavdelinga på Voss sjukehus. Du kan sjølv velgja om du vil gå til jordmor, fastlege eller ein kombinasjon av desse under svangerskapet. Me oppmordar til å ta kontakt med jordmor eller fastlege så tidleg som mogeleg.
Nasjonal fagleg retningslinje i svangerskapsomsorgen anbefaler fyrste svangerskapskontroll rundt svangerskapsveke 6 – 12. Frå 1 jaunar 2022 får alle gravide tilbod om tidleg ultralyd i veke 11-14. I tillegg får gravide som er over 35 år eller eldre ved termin tilbod om non invasiv prenatal test (NIPT). Dette er ein prøve av fosteret sitt DNA og består av ein blodprøve frå mor. Sjå video om fosterdiagnostikk her.
Me tilpassar oppfølginga etter risikovurdering og individuelle behov. Målet er å styrkja det som bidrar til god mental helse, meistring og normal utvikling i svangerskapet, og å avdekke risiko slik at tiltak vert sett inn i rett tid. Gjennom helsekontroll, helsesamtale, råd og rettleiing vil me gje støtte i svangerskap, fødselsførebuing og foreldreførebuing. Me ynskjer å delta på oppfølging i den første tida med det nyfødde barnet. Jordmor tilbyr heimebesøk etter fødsel og kan tilby hjelp til familieplanlegging og val av prevensjon.
Me vil gjerne at partnar er med på konsultasjonane.
Helsestasjonstenesta driv helsefremjande og førebyggjande arbeid. Tilsett på helsestasjon er helsesjukepleiar, fysioterapeut, helsesekretær, lege og kommunepsykolog. Tilbodet til born i alderen 0-5 år fyljer det standardiserte helsestasjonsprogrammet med 14 konsultasjonar.
Arbeidet inneber heimebesøk til nyfødde, helseundersøking for sped- og småbarn, vaksinering, kartlegging, foreldrerettleiing og rådgjeving, støttande samtaler, oppfølging og nettverksarbeid.
Me har fokus på rettleiing og støtte rundt born si vekst og utvikling, og gjev råd i høve til tilknyting, kommunikasjon, samspel og trivnad. Me ynskjer å hjelpe born og familiar som opplev overgrep, vald, rus eller andre vanskelege heimeforhold.
Våre samarbeidspartnarar fastlege, skule, barnehage, PPT og barnevern, og tilviser vidare ved behov. Me har teieplikt, og samarbeid skjer etter samtykke frå føresette.
Dersom bornet er sjuk og treng behandling, skal ein nytte fastlegen sin. Helsestasjonen kan gje råd dersom foreldre er usikre på bornet sine symptom og behov for legevurdering. Febersjuke barn skal ikkje møte på helsestasjonen, men føresette kan ringje for rådgjeving.
Du kan lesa meir om rolla og ansvarsområda som helsestasjon har for dei vanlegaste psykiske helseplagene hos barn og unge her.
Skulehelsetenesta er eit tilbod til skuleelevar opp til 20 år.
God helse er utgangspunktet for trivnad, vekst og læring, og motsett kan skulemiljøet påverke helsa, både psykisk og fysisk. Dette er eit viktig grunnlag for arbeidet i skulehelsetenesta. I tillegg arbeidar ein for å førebyggja og avdekka vald, overgrep, omsorgssvikt og bekymringsfullt fråvær.
Elevane kan få råd og rettleiing, og me gjennomfører helseundersøkingar/helsesamtalar i 1. 3. og 8. klasse. Her møter lege, fysioterapeut og helsesjukepleiar. Me tilbyr også samtale og oppfølging av elevar med ulike vanskar og utfordringar, og foreldrerettleiing til dei som ønskjer det.
Vaksinasjon i skulehelsetenesta fyljer barnevaksinasjonsprogrammet og tilbod om vaksiner vert gitt i 2.klasse, 6.klasse, 7.klasse og 10.klasse ihht til retningslinjer.
Tenesta er eit lågterskeltilbod, og både elevar, føresette og tilsette i skulen kan ta kontakt utan avtale. Sentralt i retningslinjene er at helsesjukepleiar er tilgjengeleg og synleg for elevane.
Helsesjukepleiar gjev undervisning om vekst og utvikling, kosthald, hygiene/smittevern, seksualitet og samliv, psykisk helse, samspel foreldre-barn/ungdom m.m. Me kan også tilby støttesamtaler til dei som ynskjer det.
Etter kartlegging hjå helsesjukepleiar kan elevar bli tilvist andre hjelpeinstansar, t.d. fastlege, tannlege eller spesialist. Skulehelsetenesta samarbeider med fleire andre instansar, både i og utanfor skulen. Saman kan me identifisere og løyse helsemessige utfordringar. Samarbeid om namngjevne elevar skjer etter samtykke frå føresette /evt. eleven sjølv. Skulehelsetenesta tilbyr helseopplysning og undervisning til enkeltelevar og grupper/klassar. Her snakkar me om tema som psykisk helse, pubertet, sex og samliv.
På Helsestasjon for ungdom møter du helsepersonell som du kan snakka med om emne som opptek deg. Tilbodet er gratis for alle ungdomar opp til 20 år. Det vil alltid vera helsesjukepleiar tilstades, i tillegg er lege tilgjengeleg.
Hugs at me har teieplikt!
Døme på emne som du kan ta opp:
- Spørsmål om kroppen
- Hudproblem
- Problem på skulen
- Du kjenner deg trist og einsam
- Parforhold
- Seksualitet generelt
- Homofili
- Rus og rusmisbruk
- Røyking
- Graviditet
- Menstruasjonen
- Slanking og etevanskar
- Psykiske vanskar
- Vonde opplevingar, til dømes seksuelt misbruk, vald/sjukdom i familien
Helsestasjonen kan m.a. hjelpa deg med:
- Reseptar og anna behandling for helseproblem
- Tilvisingar til andre instansar i helsevesenet
- Prevensjonsrettleiing og prevensjon
- Testing med tanke på kjønnssjukdomar
- Graviditetstest
Staten sin informasjonskanal, Ung.no tilbyr kvalitetssikra informasjon og rådgjeving til ungdomar i alderen 13-20 år. Tema som kropp, seksualitet og psykisk helse til jobb, fritid og utdanning ligg på nettsida. Her finn ein oppdatert, trygg og relevant informasjon.
Her finn du barn og ungdom sine rettighetar knytta til helse- og omsorgstenester.
Du kan lese om rolla og ansvarsområda som helsestasjon for ungdom har innanfor dei vanlegaste psykiske helseplagene hos barn og unge her.
Foreldrerettleiingsprogrammet ICDP står for International Child Development Programme. Dette norskutvikla programmet er eit enkelt, helsefremjande og førebyggjande program. Målet er å styrkja oppveksten og omsorgen til barn og unge. Kurset vil trygga foreldra si naturlege omsorgsevne og vise at den enkelte foreldre er ekspert i eige liv. Ulvik og Eidfjord har eit interkommunalt samarbeidsprosjekt for å få dette etablert i helsestasjonstenesta. Målet er at ein skal vere i gang med kurs i løpet av 2024/2025. Ulvik Barnehage og Brakanes skule vil også starte med kurs. Informasjon om desse kursa vil koma ut på Ulvik herad sine nettsider og BTI Ulvik nettside når dette er avklara.
Mange foreldre synes at det å gje borna sine ein trygg og god oppvekst er utfodrande. Foreldrerettleiingskurset Circle of Security Parenting (COS), tryggleikssirkelen, skal gje foreldra verktøy til å betre forså kva behov borna har, kva signal dei gjer og kva me kan gjere for å møte desse behov betre. Målet er at bornet ditt skal få hjelp til å kjenne seg trygg og på den måten stå sterkare rusta til å møte utfordringane live gjer oss. Kurset kan og bidra til eit godt samspel mellom deg og borna dine.
Ulvik Herad tilbyr COS- P foreldrerettleiing for foreldre med barn mellom 0-12 år. Me har to tilsette som er sertifiserte til å halde kurs for inntil 20 føresette. Kurset varer i minst 8 veker og kvart kurs er på 90 minutt. Det vert også halde oppfriskingskurs. Informasjon om desse kursa vil koma ut på Ulvik herad sine nettside og BTI Ulvik nettside.
Fastlegeordninga gjev alle innbyggjarane i Norge rett til å vera knytt til ein fast, namngitt allmennpraktiserande lege. Fastlegeordninga er frivillig. Dei som ikkje ynskjer å vera ein del av fastlegeordninga, må sjølv finna ein allmennlege å gå til. Fastlegen har avtale med kommunen om å gje innbyggjarane allmennlegetenester, både når det gjeld somatiske og psykiske problem. Vedkommande har inngått avtale med kommunen om deltaking i fastlegeordninga, og skal vera tilgjengeleg for sine pasientar og prioritere desse. Fastlege kan kontaktast ved akutte tilstandar som oppstår på dagtid. Legekontoret i kommunen har plikt til å setje av rimeleg tid til akutte tilfelle. På Helsenorge finn du meir informasjon om din fastlege og legekontoret.
Her kan du lesa om rolla og ansvarsområde fastlegen har for dei vanlegaste psykiske helseplagene hos barn og unge.
Familievernkontoret i Odda er eit gratis lavterskeltilbod der enkeltpersonar, par eller familiar kan ta kontakt sjølve dersom det er problem eller kriser oppstår.
Familevernkontoret dekkjer kommunane Eidfjord, Etne, Kvinnherad, Kvam, Ulvik, Ullensvang og Voss Herad.
Samtaleterapi for par og familiar er det vanlegaste tilbodet. Familievernkontoret tilbyr òg kurs og gruppeopplegg om aktuelle familie- og samlivstema. Familievernkontoret utførar pliktig mekling ved samlivsbrot for ektepar eller sambuarar med barn under 16 år når foreldre som ikkje bur saman, ønskjer rettssak om foreldreansvar, bustaden til barnet/borna eller samvær. Alle dei tilsette har teieplikt.
Du kan heilt uforpliktande ta kontakt med oss per telefon eller epost.
Merk! Du må vera forsiktig med personopplysningar dersom du kontaktar oss på mail. Familievernkontoret har som mål å tilby meklingstime innan tre veker frå bestiling. I andre sakar som par- og familieterapi og foreldrerettleiing har me som målsetjing at ventetida ikkje skal vere meir enn fire veker.
Alarmtelefonen er ei gratis teneste for barn og unge som er utsatt for vald, overgrep og omsorgssvikt. Alarmtelefonen er eit tillegg til eksisterande akuttberedskap for barn og unge. Tenesta svarar på telefon, chat, SMS og e-post. Vaksne som har bekymring for eit barn kan også ta kontakt.
For meir informasjon om alarmtelefonen, klikk her
Barneverntenesta skal bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår, ved å sikra at barn og unge som lever under forhold som kan skada deira helse og utvikling, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid. Hardanger Barnevern er felles barnevernteneste for kommunane Ullensvang, Eidfjord og Ulvik.
Les om rolla og ansvarsområda som barnevernet har for dei vanlegaste psykiske helseplagene hos barn og unge her.
Fysioterapeuten er involvert i helsefremjande og forebyggande arbeid retta mot barn og unge. Dette er ofte knytta til informasjon og veiledning på helsestasjon eller i tverrfagleg samarbeid i skulehelsetenesta. Ved sjukdom eller skade gjer ein grundig undersøking som gjer eit bilete av barnets ressursar, funksjonsnivå, utviklingsnivå og interesser.
Barn og unge opp til 16 år har rett på gratis undersøkelse og behandling hjå fysioterapeut. I Ulvik kan ein ringe direkte til fysioterapeutane, det er ikkje behov for henvisning. Om ein ynskjer kan fysioterapeuten også delta på konsultasjonar saman med helsesjukepleiar eller fastlege. Du kan lese meir om fysioterapitenesta her.
Ulvik herad har ein fysioterapeut som er knytta opp mot helsestasjonen og i skulehelsetenesta. Fysioterapeuten samarbeider tett saman med helsesjukepleiar, lege, ergoterapeut, skule, barnehage og foreldre.
Fysioterapeuten er blant anna med på:
- 4 mnd kontroll på spedbarn
- Oppfølging i barselgruppa med trening og informasjon rundt motorisk utvikling
- Skulestart undersøkelse saman med helsesjukepleiar og lege
- Helsesamtale blir tilbudt alle 8.klasse elevar saman med helsesjukepleiar
- Helsefremjande og førebyggjande arbeid i barnehage og skule
- Enkelt konsultasjonar og oppfølging med barn og/eller foresatte etter behov
Les om rolla og ansvarsområda som fysioterapitenesta har for dei vanlegaste psykiske helseplagene hos barn og unge her.
Ergoterapeuten kan arbeide inn mot både barnehage og skule. I tillegg er vedkomande med i ansvarsgrupper/koordinator og utarbeiding av individuell plan. Ergoterapeuten kan bidra i planlegging og tilrettelegging for overgang frå barnehage til skule, grunnskule til vidaregåande og frå heim til eigen bustad.
- Observasjon og kartlegging av aktivitetar
- Tilrettelegge aktiviteten – aktivitetsanalyse
- Redusere vanskegrada – finne alternative aktivitetar for dei som har utfordringar
- Redusere stimuli
- Fysisk tilrettelegging av omgivnadane både inne og ute
Logopedtenesta hjå PPT Voss gjev tilbod til kommunane Ulvik, Voss og Vaksdal. Logopeden arbeidar direkte med barn, unge og vaksne med språk-, tale- og kommunikasjonsvanskar. Tenesta arbeidar indirekte i form av rådgjeving til føresette, skule og barnehage. For å søkja logopedhjelp kan du ta kontakt med barnehage, skule, PPT eller lågterskel logopedi.
Områda logopeditenesta arbeider med er:
- Språklydsvanskar
- Taleflytvanskar
- Stemmevanskar
- Afasi/dysartri/dysfagi
- Nevrologiske tilstandar
Les meir om logopedtenesta her
Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) er kommunen sin sakkunnige og rådgjevande instans for barn og ungdom som har utfordringar i oppvekst- og opplæringssituasjonar. PPT som faginstans har eit todelt mandat og omfattar både system- og individretta arbeidsoppgåver. Mandatet er regulert i barnehagelova og opplæringslova. Me har eit system- og individperspektiv der ein ser desse to i samanheng og medverkar til ei heilskapeleg tenking i barnehage og skule.
Etter samtykke frå føresette kan PPT samarbeide med:
- Barnehage
- Skule
- Logoped
- Fastlege
- Barnevern
- Barne- og ungdomspsykiatisk poliklinikk (BUP)
- Fysioterapeut
- Andre instansar ved behov
PPT hjelper til med å leggja tilhøva best mogeleg for barn, elevar og vaksne. Tenesta er gratis og alle tilsette har teieplikt. Les meir om PPT tenesta på Voss her
Her kan du lesa om rolla og ansvarsområde PPT har for dei vanlegaste psykiske helseplagene hos barn og unge.
BUP Voss er ein av sju allmennpoliklinikkar i Helse Bergen og dekkjer områda Voss, Vaksdal, Ulvik, Eidfjord og Kvam. BUP er ein poliklinikk, ein stad der barn, ungdom eller foreldra får tilbod om hjelp med psykiske vanskar. Her kjem ein til samtalar til avtalt tid og går heim igjen etterpå. Ingen vert lagt inn. BUP driv både utgreiing, behandling og har konsultasjonar og rettleiing. Behandlingsmetodane BUP tilbyr er basert på forskning.
Les om pakkeforløp psykiske lidingar hos barn og unge her.
Konsultasjonsteamet er ei teneste som er retta mot deg som er uroa for om eit barn kan vere utsett for seksuelle overgrep, fysisk eller psykisk vald, er vitne til vald i heimen eller uro for om ein med psykisk utviklingshemming kan ha vore utsett for det same. Teamet er eit rettleiande organ som er samansett av erfarne fagfolk frå ulike etatar i Voss Herad og Ulvik Herad. Teamet er sett saman av fagfolk frå politi, barnevern, helsestasjon, BUP, tannhelsetenesta, PPT og kommunehelsetenesta. Gjennom kontakt med teamet kan du som uroar deg, eller går med ei ubehageleg kjensle på vegne av eit barn, få diskutert saka anonymt.
Les meir om konsultasjonsteamet her.
RVTS Vest si oversikt over konsultasjonsteam i landet finn du her.
Ulvik herad er tilknytta Krisesenteret for Bergen og omegn. Du treng ikkje å vera i akutt krise for å få hjelp på krisesenteret. Krisesenteret er eit tilbod til deg som er utsett for vald eller overgrep frå ein partnar, familie eller andre du har eit nært forhald til.
Senteret tilbyr vern, tryggleik, råd og rettleiing. I tillegg ein trygg mellombels stad å bu – eller dagtilbod om du heller ynskjer det. Absolutt alle kan kontakte krisesenteret, når som helst på døgnet, uansett kjønn og alder. Born kan også vere med på krisesenteret. Du treng ikkje tilvising eller timeavtale for å ta kontakt. Det er gratis å få hjelp og gratis å bu på krisesenteret.
Ung Rus Oppdagelse URO er eit gratis lågterskeltilbod som skal gjere det enklare for unge mellom 15 og 25 år å kome i kontakt med behandlarar innan rusmedisin i spesialisthelsetenesta. URO. Teamet ønskjer å kome i kontakt før problema blir store og rusbruken blir for vanskeleg å takle.
Du kan ta direkte kontakt med URO-teamet på telefon, og du treng ikkje tilvising frå fastlege eller NAV for å få ein samtale. Teamet jobbar ambulant, som betyr at dei kan møte deg der du føler deg komfortabel og trygg. Du kan også kome til dei, dersom du synest det er best. Første samtale skal skje så fort som mogleg etter kontakt, og helst innan ein til to kvardagar. Etter at ein har møtt kvarandre og blitt litt kjent, kan du sjølv velje om du vil treffe dei igjen og sjå kva dei kan hjelpe deg med.
I den første telefonsamtalen kan du også få vite meir om korleis teamet jobbar. Dersom dei oppfattar at du er i ein situasjon der dei er redde for at det står om liv eller helse, kan dei sjå det som nødvendig å involvere andre. I så fall vil dei snakke med deg om dette.
Også de som er bekymra for nokon, kan ta kontakt med teamet om det er noko de lurer på.
URO er ikkje eit akuttiltak, og skal ikkje erstatte akuttfunksjonar i spesialisthelsetenesta.
TOPS er eit lavterskeltilbod for alle som er bekymra for at ein sjølv, vener eller familie er i ferd med å utvikle ei alvorleg psykisk liding.
Når unge blir uvanleg tause –
har dei som regel noko å fortelje.
Å vere deppa eller stressa i ein periode er heilt normalt. Men viss vanskelege tankar og kjensler tek overhand, og varer i fleire veker, kan ein byrje å tenke på psykose. Ein psykose startar ofte med diffuse plagar og ei oppleving av at noko er annleis. Ein kan oppleve at verda endrar seg og ein blir usikker på kven ein er. Ein kan også synest det blir vanskeleg å konsentrere seg om skulearbeid, arbeid, fritidsaktivitetar, vener eller familie.
Alle har imidlertid ikkje slike klare endringar på førehand, og det er heller ikkje nokon av desse plagane som på førehand kan seie noko om det blir ein langvarig psykose eller ikkje. Før ein utviklar ein psykose er ein gjerne i tvil om eigne opplevingar er verkelege eller ikkje. Seinare i forløpet kan ein i aukande grad bli overtydd om at opplevingane er verkelege. Ved ein psykose har ein ofte vanskar med å sette ord på det som skjer. Det betyr at ofte må andre sørge for å skaffe hjelp.
Når bør ein søke hjelp? Klikk her
Alle som er bekymra for at nokon har ein psykose eller er i psykoserisiko, kan ta kontakt. Det betyr at ungdomen sjølv, vener, familie, helsesjukepleiar, fastlege, lærarar, rådgjevarar, PPT og andre kan ringe TOPS.
For meir informasjon om TOPS, klikk her
Ulvik sin ungdomsklubb Ameron er for elevar i 8.klasse og oppover.
Sjå facebook side for informasjon og åpningstider.